Søstra prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen hadde flytta til Brasil. Då blei prinsesse Astrid den norske kvinner identifiserte seg med i det unge norske kongehuset.

Signingsferdene

På signingsferdene til kong Olav i Nord og Sør-Noreg i 1957 og 1958, stilte ho opp ved sida hans. I programmet som vises på TV 2 søndag fortel prinsessa om ei triumferd langs norskekysten.

– Det var heilt fantastisk. Vi blei møtt med jubel overalt, eller far blei møtt med jubel og omfamna av det norske folk. Eg prøvde å halde meg i bakgrunnen, men stod ved sida hans. Det var ingen andre.

Eit møte hugsar prinsessa særleg godt.

2. VERDENSKRIG: Kronprinsfamilien i Rovaniemi i Finland like før avreisen til USA under andre verdenskrig. F.v.: Prinsesse Astrid, prinsesse Ragnhild, prins Harald og Kronprinsesse Märtha. (Foto: NTB/Scanpix)

– Det var ei samekvinne i Kautokeino som spurde kor gamal eg var, seier prinsessa lattermildt. Då eg fortale at eg var i midten av tjueåra meinte samekvinna at det var ei skam at eg ikkje var gift.

(Artikkelen fortsetter under).

VIELSE: Prinsesse Astrid gifter seg med sin Johan Martin Ferner i 1961. Brudeparet ved alteret i Asker kirke. (Foto: Scanpix)

Gift med skilt mann

Gift blei prinsesse Astrid i 1961 med Oslo – mannen Johan Martin Ferner.

Giftarmålet gjekk ikkje stille for seg for Ferner var skilt, og det likte den norske kyrkja og stortingsrepresentantar dårleg. Etter kvart fekk dei fem barn.

Se et utdrag av intervjuet: (artikkelen fortsetter)

På sosialkontoret

Det var ikkje alltid lett å kombinere det å representere landet og vere mor til fem barn. Då minstemann Carl Christian var fem år gamal var det ingen som kunne passe.

Løysinga var å setje han i slottsgarasjen der sjåførane tok seg av han, men det var ikkje ei permanent ordning og det var då prinsesse Astrid gjekk på sosialkontoret på Majorstua.

(Artikkelen fortsetter under).

FAMILIEN FERNER: Prinsesse Astrid og familien fotografert på Slottet i forbindelse med Olav Alexander Lorentzens dåp. Foran f. v.: Alexander Ferner, Elisabeth Ferner, Carl Christian Ferner. Bak f. v.: Benedikte Ferner, prinsesse Astrid Fru Ferner, Johan Martin Ferner og Cathrine Ferner. (Foto: Svanpix)
– Folk trur kanskje at vi hadde tenarskap til barnepass, men slik var det ikkje, fortel prinsesse Astrid. Det var då eg såg sosialkontoret som siste utveg.

Barnehageplass på dagen

– Saksbehandlaren blei forskrekka då eg fortalte at Carl Christian blei plassert i garasjen. Han trudde nok at eg låste han inne der utan tilsyn, men slik var det ikkje. Han fekk vere med å vaske bilar og sitje på fanget til sjåførane så han hadde det som plommen i egget. Men han fekk barnehageplass på dagen og det var det beste for alle, seier prinsesse Astrid, fru Ferner, og ler godt.

Søndag kan du se henne i programmet «Prinsesse for tre konger» klokka 21.45 på TV 2.