Forhøyet vrakpant skaper kaos

Må jobbe overtid for å ta unna alle vrakbilene.

vrakbiler (Foto: Hilde Genberg, firda.no / ANB)
vrakbiler (Foto: Hilde Genberg, firda.no / ANB)

Siste veke fekk bileigarar 1.000 kroner ekstra i vrakpant i ein kampanje for å få levert gamle bilar til opphogging. Dermed fekk dei 2.500 kroner i staden for 1.500 for å levere inn sin gamle bil. Det skriver firda.no

I alt tok Sunnfjord Bil på Reset i Halbrendslia imot 311 bilar denne veka. 98 av dei kom fredag.

Måtte jobbe overtid

- Då var det utruleg hektisk her. Det var sikkert mange som ikkje fekk svar på telefonen fredag, for det gjekk i eitt. Vi stengjer vanlegvis klokka halv fem, men heldt på til klokka seks. Vi kunne jo ikkje kaste ut folk som stod og venta heller, seier bilopphoggar Torbjørn Strømsli til Firda.

Les også: En av verdens mest verdifulle biler funnet under skrothaug!

Han synest det er bra at bilimportøranes returselskap finansierer aksjonen for å få rydda bort gamle vrak. Sist det var ein liknande aksjon, var då staten betalte ekstra for vrak i 1996.

- Men det bør ikkje bli slik at folk ventar på neste aksjon, før dei leverer bilen, synest Strømsli.

Rett i pressa

Han fortel at 80 prosent av bilane som vart levert inn førre veke var i så dårleg stand at dei vart pressa saman og hogge opp.

- Eg høyrde om ein som saga ned eit tre som hadde vakse gjennom bilen, fortel Strømsli.

Flere bil og motorsaker fra firda.no finner du her: