Kunsteliten lar seg Dolk(e) med skitten street-art

Ingen veit kven han er, men verka hans går for sekssifra summar. Gatekunstnaren Dolk starta si karriere ulovleg på fasadar i bybiletet - no vert kunsten flytta inn for hans aller fyrste separatutstilling.

Dolk i arbeid med en sjablong til et nytt motiv. (Foto: Jan Eivind Bertelsen, TV 2)
Dolk i arbeid med en sjablong til et nytt motiv. (Foto: Jan Eivind Bertelsen, TV 2)

I eit studio i Bergen ser ny kunst lyset. Bak den står gatekunstnar Dolk - kjent for ulovleg dekorering over heile verda. Etter ti år med ulovleg avtrykk på fasadar i byrommet, skal verka hans inn - i gallerivarmen i Oslo. - Eg vil nå folk som går i galleri og overtyda dei om at eg ikkje har en label, at eg berre kan vera på gate. Mine verk lever sitt eige liv. Se hele intervjuet med Dolk øverst i artikkelvinduet!

Mer innhold fra TV 2