I eit studio i Bergen ser ny kunst lyset. Bak den står gatekunstnar Dolk – kjent for ulovleg dekorering over heile verda.

Etter ti år med ulovleg avtrykk på fasadar i byrommet, skal verka hans inn – i gallerivarmen i Oslo.

– Eg vil nå folk som går i galleri og overtyda dei om at eg ikkje har en label, at eg berre kan vera på gate. Mine verk lever sitt eige liv.

Se hele intervjuet med Dolk øverst i artikkelvinduet!

Arbeidet med å lage sjablongar er tidkrevande. (Foto: Jan Eivind Bertelsen, TV 2)

Bergensaren med pseudonymet Dolk sine verk dukkar opp på husveggar, i bybildet og på ein og anna forlatt låve. Kjappe politiske ytringar, portrett med ein vri, som får oss til å tenkja.

Det har tatt han nær fem månader å gjera dei ti bileta klar for utstilling. Når han arbeider på gata, har han eitt minutt på å få verket på veggen.

– Street art skal vera litt skittent, meiner Dolk. Utfordringa blir å halda på gatekjensla - inne i eit sterilt galleri.

Fangar ånda i tida

Gunnar Krogh-Hansen jobbar for auksjonshuset Blomqvist og veit å taksera kunst.

Han er ikkje overraska over at Dolk sin kunst når ut til så mange.

– Han er aktuell og han skildrar tidsånda godt. Street art er eit internasjonalt fenomen som det er naturleg at også har kome hit.

– Jobb på Rema 1000

Dolk sine motiv er svært populære, og dei han no stiller ut blir taksert frå 100 000 kroner og oppover.

Dermed kan gatekunstnaren sitja igjen med eit millionbeløp – tent på lovleg vis. Kunstnaren er kritisk mot seg sjølv. Av tusen idear vert kanskje ti av dei ferdige bilete.

– Ideen har alltid vore det viktigaste for meg. Har du ikkje en ide, då jobbar du på Rema 1000. Det er ikkje vits i å gå ut på gata og måla eit ansikt utan mål og meining, du må ha ein bodskap.

Sjå kunsthandlarens fem råd til den som vil bli kunstsamlar:

Tilbake til antikken

For gatekunst er ikkje noko nytt. Den er ei grein av graffiti - og graffiti har eksistert sidan antikken.

Men kunsten på gata betyr noko anna i dag og har eit heilt anna omfang. Det seier kunsthistorikar Dag Sveen.

Halden fengsel er blant stedene Dolk har utsmykket.

– Ei viktig side ved kunstens natur at den heile tida skal vera i bevegelse. Den skal bryta med tradisjonen og opne opp nye område.

Sveen trur ikkje Dolk kjem til å enda opp på Nasjonalgalleriet ilag med klassikarar som Munch og I.C. Dahl.

– Eg trur ikkje han kjem dit. Ein ting er at bileta hans er knytt til veggen. No er det mogeleg å ta dei vekk, veggmaleri kan flyttast på og inn i galleri, men eg tvilar på at det skjer.

Dessutan trur eg Dolk reknar med at kunsten hans er forgjengeleg. Det er en del av den Street art kunsten han representerer, utdjupar Sveen.

Forgjengelig eller ikkje – bergensaren har satt sitt avtrykk langt utanfor Noregs grenser.

Etter 10 år med fare for å bli bøtelagt har gatestrekane sikra han ei god inntekt. Men si eiga salsutstilling kjem han til å halda seg vekke frå.

– Eg vil bli kjent for arbeidet mitt, ikkje for trynet mitt.

LES OGSÅ: Rockeblogger lærar ungdom å skrive

– Interessant sosialt fenomen

Det er store sjansar for at namnet han har skapt seg vert ståande for ettertida.

– Han er den fyrste gatekunstnaren som er omtykt og har fått respekt som kunstnar. Om han vil stå i historiebøkene som ein av dei store målarane, er umogeleg å spå.

Men han vil alltid vera interessant som eit sosialt fenomen, seier Sveen.