– Eg føler meg som ein idiot. Eg er ikkje forbanna, men eg er desillusjonert, seier Cheryl Gray etter at kjærleiken via Facebook gjekk skeis.

No meinar ho at Wylie Iwan lurte henne til å bruka pengar på reiser og gåver.

No krev ho 46.715,59 kroner i erstatning.

Online opptil ni timar dagleg

Det melder The Seattle Times.

Paret vart kjend med kvarandre når dei vart medlem i same «familie» i Mafia Wars. Etterkvart vart dei vener på Facebook, med rundt 300 felles vener.

LES OGSÅ: Hvor avhengig er du av Facebook?

I løpet av den neste månaden byrja dei å verte betre kjente.

– Me brukte oftast ein time online om morgonen og frå tre til åtte timar på ettermiddagen, seier ho.

– I fleire månader leia han meg til å tru at tida me brukte i lag var for å finne ut om me hadde ei framtid i lag, seier ho.

Ho sendte fleire gåver til han, og hadde sikra seg hotellrom og leigebil til ho skulle komma på besøk til han.

Hatgrupper på Facebook

Men like før ho skulle komma, innrømde han at han hadde møtt ei anna kvinne på ein bar.

– Eg vart heilt knust, og ein kan vel seia at eg vart sint. Eg hadde gjort mykje snilt for han. Eg er sikker på at han var i eit forhold til denne nye kvinna lenge, hevdar ho.

LES OGSÅ: Facebook med fyllefilter

Då Iwan trefte den nye dama, starta Gray hat-grupper mot han på Facebook og hevda han berre leita etter offer på nettet.

– Dette er eit fullstendig meiningslaust søksmål, seier Iwan.

Ville ha pengar igjen for blomar

Nokre veker seinare fekk han eit krav frå ein advokat i posten.

Der kravde Gray litt over 5000 kroner tilbakebetalt for utgifter til turen ho aldri reiste på, samt blomar og gåver ho hadde sendt han.

LES OGSÅ: Facebook-tabber

Ei veke seinare trakk ho kravet. Men nokre veker seinare enn det igjen vart han altså saksøkt for 46.715,59 kroner.

– Eg vil berre at ho skal la meg vera i fred og komma seg vidare i livet, seier iwan til sist.