Då politiet i Delaware i Pennsylvania, USA, rykte ut for å bryta opp ein krangel mellom Stephanie Robinette og mannen, tok Stephanie saken i eigne hender. Politiet blei møtt med brystmjølk, ifølge TV-stasjonen CBS.

Sikta for overfall og bråk

Robinette og mannen skal ha hatt ein heftig krangel. Ifølge augevitne og Robinettes mann skal kvinna gjentekne gangar ha angripe mannen og deretter låst seg sjølv inne i bilen.

Mannen skal ha forklart politiet at dei hadde vore i bryllaup, og at kona var berusa. Då politiet nærma seg bilen Robinette hadde låst seg inne i begynte ho å ropa.

Deretter fortalte ho at ho var ei ammande mor og drog ut det høgre brystet frå kjolen og begynte å spruta mjølk på politiet og bilen, ifølge sheriff Walter L. Davis.

Etter dette bar det i arresten. Den 30 år gamle kvinna vart sikta for fem mindre alvorlege lovbrot, blant anna overfall, bråk og å motsetja seg arrestasjon.

Hendinga fann stad på Bridgewater bankett- og konferansesenter.

Ikkje aleine om å bruka brystet som våpen

Måndag måtte Robinette møta i ein domstol i Delaware, der sa ho seg ikkje skuldig. Robinette sa også at ho tok saken alvorleg og at ho vil søkja hjelp for alkoholmisbruk.

Kvinna vart lauslaten blant anna under føresetnad av at ho ikkje tok kontakt med mannen eller andre vitne. I tillegg må ho gjennom ei undersøking av si mentale helse.

Stephanie Robinette er ikkje den fyrste som har spruta brystmjølk på politiet. I 2010 tok ei kvinne frå Kentucky i USA fram puppen og sikta på ein politibetjent, som etter hendinga fekk same type behandling som ein gjer personar som har vore utsett for radioaktivitet.

Les meir: Sprutet brystmelk på politi – siktet for overfall