Se hva som dukket fram fra snøen

En ting er sikkert - denne har stått en stund!

Sjå kva som dukka opp etterkvart som brøytekantane minka. Denne bilen står ved Hjellebrekkefeltet i Vassenden og har truleg stått under fleire meter snø i heile vinter. (Foto: Borghild Sætre,privat/ firda.no/ANB)
Sjå kva som dukka opp etterkvart som brøytekantane minka. Denne bilen står ved Hjellebrekkefeltet i Vassenden og har truleg stått under fleire meter snø i heile vinter. (Foto: Borghild Sætre,privat/ firda.no/ANB)

Eg kunne ikkje anna enn å le då eg såg dette, flirer Borghild Sætre frå Vassenden, til Firda.

For under fleire meter med snø har denne bilen stått godt kamuflert gjennom lange vintermånader. Men etter kvart som våren har meldt seg, dukka køyretøyet nyleg fram under eit lag med snø ved Hjellbrekkefeltet i Jølster.

Ser uskadd ut

– Bilen står berre 200 meter frå huset mitt, men der er først no eg har sett den, så den har nok stått der heile vinteren, seier Sætre som tippar eigaren har gitt opp mokinga tidlegare i vinter og berre latt bilen stå nedsnødd om lag ein halv meter frå vegkanten.

– Eg reknar med at eigaren har vore bevisst kvar han har parkert bilen i høve ploging, for køyretøyet ser uskadd ut, seier Sætre.

Del med Facebook-vennene dine

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Hvorfor er det ikke varmetråder i rattet?

Ser du noe lignende? Ta bilde og send til redaksjonen@broom.no