Øya ligg på vestsida av Antarktis og er ifylgje den pensjonerte havforskaren ein av dei mest utilgjengelege stadene på kloden.

Har aldri vore der

Sjølv har han ikkje sett sine bein der. Men halvøya heiter Kvinge Peninsula - etter han.

I 1968 leia havforskaren ei gruppe som dreiv banebrytane kartleggjing av havstraumar og havbotnen i Antarktis.

Det gav verdifull kunnskap, som til sist sette ein heller beskjeden Thor Kvinge på kartet.

– Det har jo vore hundrevis av ekspedisjonar der nede som har hatt mykje meir innflytelse og gjort mykje meir enn det eg har gjort, sier Kvinge til TV 2 Nyhetene.

Fekk nettopp vita det

Amerikanske myndigheiter døypte halvøya Kvinge for nær førti år sidan, i 1974. Men mannen bak navnet har nettopp fått vita om det.

– Om dei meinte noko med det, så ville eg sagt at det var rimelig å senda ei melding om det då. Kanskje gjorde dei det , men så forsvann det ein stad på vegen.

Thor er smålåten når han blir spurt om halvøya «si».

– Eg legg ikkje så stor vekt på det, det er masse rare navn rundt alle moglege stader i verda.

– Han bør vera stolt

Ven til Kvinge, Mireille Galbrun, tykkjer oppkallinga er ei stor verdsetjing av arbeidet han har gjort.

– Det rører han, det er eg viss på, seier ho.

– Er han litt stolt, trur du?

– Ikkje berre litt - han er veldig stolt. Og det bør han vera!