Fikk bilen ødelagt av dype spor

Odd Arne vurderer å sende regningen videre til kommunen.

Odd Arne Standal må ta bussen heim til Haresporet i Førde etter at bilen vart øydelagt. Han skuldar på dårleg brøyting og djupe spor i vegbana.  (Foto: Bent Are Iversen, firda.no/ANB)
Odd Arne Standal må ta bussen heim til Haresporet i Førde etter at bilen vart øydelagt. Han skuldar på dårleg brøyting og djupe spor i vegbana. (Foto: Bent Are Iversen, firda.no/ANB)

Odd Arne Standal meiner djupe hjulspor, dårleg brøyting og slagholer i vegbana no har øydelagt bilen hans. Det skriv firda.no,

Han bur i Haresporet i Slåttebakkane i Førde, og er djupt fortvila over det han meiner er manglande brøyting frå entrepenøren som konmmunen har tilsett.

Dårleg brøyting

Først var det handbrekket på bilen som slutta å fungere. Så oppdaga Standal at ein bremsevaier var blitt øydelagt. I tillegg var motorvernplata til bilen køyrt av.

No kan Standal vente seg eit utlegg på ca 4000 kroner. Rekninga vurderer han å sende vidare til kommunen, som har ansvar for å brøyte vegen.

– Brøytinga har vore dårleg heilt sidan jul. Eg veit det er mange i området som er frustrerte.

Fleire på verksted

Bilmekanikar Stein Erikstad er i gang med å reparere Standal sin bil. Han er ikkje i tvil om kva som er skadeårsak.

– Vi har hatt fleire bilar innom som har fått motorvernplata rive av. Det har også denne bilen. Det skjer gjerne når bilen tek ned i is og snø. No er hjulspora så djupe fleire stader i Førde at bilane tek ned i. Eg har i tillegg observert fleire bilar på gata med same problem, seier Erikstad ved Førde bilsalg.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Fikk frontruta ødelagt av isskrape