Synes du din vei er dårlig?

Dette er landets verste veistrekning

E39 gjennom Sogn og Fjordane er kåra til landets verste vegstrekning. Biletet er frå Norevik mellom Lavik og Vadheim. Foto: Kjell Aga Ulvestad/firda.no/ANB
E39 gjennom Sogn og Fjordane er kåra til landets verste vegstrekning. Biletet er frå Norevik mellom Lavik og Vadheim. Foto: Kjell Aga Ulvestad/firda.no/ANB

E39 gjennom Sogn og Fjordane er landets verste vegstrekning, melder firda.no

Dette kjem fram i ein rapport utarbeidd av Opplysningsrådet for Veitrafikk (OFV).

Rapporten blir lagt fram under ein stor vegkonferanse i Trondheim kommande veke, og ifølgje VG kjem stamvegen gjennom vårt fylke dårlegast ut, uansett korleis dei ulike kolonnene blir summert i den omfattande undersøkinga.

Omfattande analyser

OFV har i nesten eitt overlate tusenvis av data frå Norgs vegdatabase bli analysert av konsulentfirmaet Rambøll. Vurderingane av denne undersøkinga blir lagt fram under vegkonferanse i Trondheim, og det er denne undersøkinga som blir lagt til grunn når E39 gjennom Sogn og Fjordane blir utropt som versting i Norge.

– Vårt krav er at vi får like god stamvegstandard som dei andre fylka denne vegen går gjennom. Vegen ligg langt under stamvegstandar, den ligg langt over på ulykkesstatistikken, og flaskehalsane ligg i kø, seier leiar i stamvegutvalet, Jenny Følling til avisa.

Ho stiller seg i spissen for andre ordførarar, NAF og NHO tek ho nye initiativ inn mot rikspolitikarane, som dei meiner har forsømt E39 lenge nok.

– I gjeldande Nasjonal Transportplan, er det sett av 2,5 milliardar kroner til utbetringar. Men det skjer på korte parsellar i slengen, og behovet er det dobbelte, seier Følling.

Ifølgje OFV viser også ulykketal rekna ut frå per milliardar køyrde kilometer at det er ti gonger farlegare å ferdast i trafikken i Troms, Nordland og Oppland enn i Oslo og Akershus.

Mer om bil og motor på firda.no

Les også: Norges mest solgte firehjulstrekker takler dårlige veier