Han ønskjer at muslimar skal ta over Storbritannia

Anjem Choudary har ein visjon om at muslimar skal ta over makta og innføre sharia-lover i Storbritannia.

Anjem Choudary er muslimsk predikant bosatt i Storbritannia. (Foto: TV 2)
Anjem Choudary er muslimsk predikant bosatt i Storbritannia. (Foto: TV 2)

Han blir skulda for å glorifisere terror og for å bidra til å skape morgondagens terroristar. Den muslimske predikanten Choudary er fødd og oppvaksen i Storbritannia, og TV 2 møter han på heimebane i London. Han legg ikkje skjul på korleis han meinar at eit samfunn bør styrast. - Viss nokon utøver utukt, skal dei straffast med hundre piskeslag. Viss nokon utøver homoseksuelle handlingar offentleg, skal dei ha dødsstraff. Jobbar frå hemmeleg adresse Choudary