NAF meiner strekninga mellom Bogstunnelen og Vadheim bør utbetrast snarast, og reagerer på at det ikkje er sett av midlar til bygging før etter 2020. Det skriv Firda.

Etter firda.no skreiv om saka torsdag, er det fleire som har sagt si meining i kommentarfeltet til artikkelen.

Les saka: Dette vegstykket må utbedras snarast

Alle er samde med NAF i at det bør gjerast noko med vegstrekninga mellom Bogstunnelen og Vadheim.

Oversikt lik null

- Denne vegstrekka er rett og slett ein skandale og den verste plassen på heile E39. Ein kjem med vogntog og har oversikt lik null, og veit aldri om det kjem eit anna vogntog til møtes. Med bilar bak begge vogntoga blir det kødd med ein gong. Heilt utruleg at vegvesenet kan oversjå og utsetje heile tida, skriv Stig Are Hoddevik.

I kommentarfeltet til artikkelen får Statens vegvesen eit forslag til løysing.

Trafikklys

- Vadheim – Bogstunellen kan gjerast trafikksikkert i løpet av morgondagen om Statens vegvesen vil, og det vil dei heilt sikkert ikkje fordi løysinga er for enkel og kostar for lite: Trafikklys!

Stopp trafikken eine vegen i 3 – 5 minutt, så slepp vi dette fram til vegen er utbetra, skriv Albert Skildheim.

Du kan lese flere saker om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Mistet førerkortet etter farlig forbikjøring