– Slike investeringar gir større avkastning enn å plassere pengane i oljefondet, seier Furunes til TV 2.

Furunes får støtte for forslaget sitt frå tidlegare Ap statsråd Matz Sandman, men Sandman trur det blir vanskeleg å få  politisk gjennomslag for meir bruk av oljepengar.

Fryktar for regjeringa si framtid

– Heile det norske systemet for finansiering av veg og jernbane må reformerast. Jernbaneverket og Statens Vegvesen bør gjerast om til statlege aksjeselskap slik det er gjort for luftfarten med Avinor. Då kan dei ta opp lån og gjennomføre vedtaka i Nasjonal Transportplan utan å vente på årlege løyvingar på statsbudsjettet, sa Sandman på ein vegkonferanse i Ørsta i dag.

 Sandman fryktar for framtida til den raudgrøne regjeringa dersom det ikkje kjem ei storsatsing på veg og jernbane.

– Eg trur ikkje folk legger finn seg i den dårlege satsinga på samferdsel. Vi er nøydd til å få større trykk på utbygginga elles fryktar eg den kan bli farleg for regjeringa, seier Sandman  til TV 2.

Bruk meir oljepengar no

Konsernøkonom Nils Terje Furunes i DnB Nor  meiner oljepengar kan brukast på alle vegprosjekt som er lønsame og som er planlagt finansiert av bompengar. Han nemner Osloringen og Bjørvikatunellen som døme på prosjekt det hadde vore fornuftig å finansiere med bruk av oljepengar.

– Vegbygging gir større avkastning enn å plassere pengane på oljefondet i utlandet. Avkastninga på oljefondet har vore 2,8 prosent sidan 1998. Det er mykje meir lønsamt samfunnsøkonomisk å investere desse pengane i utbygging av vegar, seier konsernøkonom Nils Terje Furunes  til TV 2.

– Med dagens investeringstakt hadde vi ikkje kunne bygd ut ein einaste fjellovergang, men det hadde vi altså råd til for hundre år sidan. I dag er investeringar og drift slått saman i statsbudsjettet, derfor skjer det så lite  innan vegsektoren,

 

Erna Solberg seier både ja og nei

Høgreleiar Erna Solberg seier til TV 2 at ho gjerne brukar av oljepengane til veg og jernbane, men ho er ikkje villig til å bruk meir enn fire prosent av avkastninga av oljefondet.

– Då vi blei samde om handlingsregelen var vi også samde om at pengane mellom anna skulle brukast til investeringar i samferdslesektoren. Her har regjeringa svikta. Vi brukar gjerne meir av oljepengane til veg, men seier nei til å bruke meir av oljepengane enn det handlingsregelen legg opp til, seier Erna Solberg til TV 2.