Melder seg ut av KrF og inn i Frp

Striden i Kristeleg Folkeparti har ført til at alle om bord i Betelskipet «Elieser 6» i Ålesund har meldt overgang til Framstegspartiet.

LOVPRISER GUD: Men ikke Kristelig Folkeparti. Mannskapet på Elieser 6 har nå meldt overgang til Fremskrittspartiet.  (Foto: Sigurd Knudsen/TV 2)
LOVPRISER GUD: Men ikke Kristelig Folkeparti. Mannskapet på Elieser 6 har nå meldt overgang til Fremskrittspartiet. (Foto: Sigurd Knudsen/TV 2)

Lovsongen fyller betelskipet «Elieser 6» ved kai i Ålesund. Dei er eit tilbod til fiskarar som tek del i sildefisket og byr på sveler og guds ord. Debatten i Kristeleg Folkeparti om støtte til Israel og ja til homofilt ekteskap gjer at dei ikkje lenger støttar partiet. - Eg har alltid stemt KrF, men no set eg foten ned. Det er ille. Eit parti som seier dei står for dei kristne verdiane er no heilt på vidda, seier matros Arne Hansen som har meldt overgang til Frp.

Mer innhold fra TV 2