På 1990 talet gjekk dei norske isbreane kraftig fram, men framgangen stopp rundt 1997–98.

– Det er vanleg at breane minkar og veks over tid, seier senioringeniør Hallgeir Elvehøy i Norges vassdrags- og energidirektorat.

På 1920-talet gjekk dei fram, men i det neste ti året førte ei varmeperiode til at dei gjekk kraftig tilbake. Etter 1998 har dei gått tilbake, men det kan stoppe opp dersom vi får meir nedbør. Sjølv om det blir varmare kan nedbøren framleis kome som snø i høgda, seier han.

Brearmane minkar

Rundt Jostedalsbreen har sju av elleve målte brear trekt seg tilbake meir enn 20 meter i 2009. Kjenndalsbreen og Bødalsbreen i Stryn og Fåbergstølsbreen i Luster gjekk tilbake mest med 93, 52 og 59 meter.

Då målingane starta ved Jostedalsbreen rundt 1900 var mange av brearmane 1 til nesten 3 km lengre enn i dag. Nigardsbreen var 2400 meter lengre og den berømte Briksdalsbreen 900 meter lengre.

14% av brearealet i Norge er med på målingane.

Sein respons

Isbreane reagerer seint på endringar i klima. Mykje snø eit år på toppen av Jostedalsbreen gir utslag på brearmaane først fleire år seinare.

– Det tek tid før overskot av nedbør blir skuva ut i brearmane, seier senioringeniør Hallgeir Elvehøy. I fjor snøa det mykje på Jostedalsbreen, men vi vil sjå resultatet av dette først om nokre år. Varmare klima kan derimot gi kortare vintrar og det kan auke smeltinga av brearmane i låglandet, seier han.

BREAR SOM HAR GÅTT MEST TILBAKE I 2009

Kjenndalsbreen, Stryn – 93 meter

Fåbergstølsbreen, Luster -59 meter

Bødalsbreen, Stryn – 52 meter

BREAR SOM HAR GÅTT MEST TILBAKE SIDAN 1900 – 1902

Nigardsbreen, Luster – 2400 meter

Engabreen, Svartisen – 2200 meter

Hellstugubreen, Jotunheimen – 1100 meter

Rembesdalsskåka, Eidfjord (1917) – 1100 meter

Storbreen, Jotunheimen – 1100 meter

Buerbreen, Odda – 750 meter

Bondhusbrea, Kvinherad – 750 meter