Det er betre å reise til dei norske fjordane enn Serengeti parken i Tanzania i følgje 437 reiseekspertar som har vurdert 133 reisemål i det anerkjende magasinet National Geographic si kåring.

VAKKERT: Trass i sitt spektakulære dyreliv og slettelandskap når ikkje nasjonalparken i Serengeti til topps i National Geograpics kåring av verdas beste reisemål. (Foto: AFP PHOTO/Roberto SCHMIDT / SCANPIX)

Dei norske fjordane får toppscore med 85 av 85 mulege poeng og utklassar mellom anna Maya ruinane i Copan, Honduras, kysten av California frå Santa Barbara til Monterey og det skotske høglandet.

Serengeti får 71 poeng- så det er ingen tvil om vinnaren.

Levande fjordar

Det er andre gong norske fjordar går til topps i kåringa. Sist var i 2004.

Har du vore i Geiranger? Del dine inntrykk i kommentarfeltet nederst i artikkelen

SUNNMØRE: Det enkle er ofte det beste. Fjord, fjell og natur selger som aldri før. (Foto: Erik A. Drabløs / Wikimedia Commons)

Fjordane våre går til topps fordi det i tillegg til eit fantastisk landskap viser fram eit levande jordbruk som blir «heltemodig bevart», ifølgje panelet til National Geographic.

Kort sagt får turistane oppleve naturen, men også at det lever og bur folk der.

– Vi håpar denne kåringa skal setje søkelys på både reisemål i toppen, men også dei som ikkje når opp, seier direktøren for «Center for Sustanaible Destinations», Jonathan Tourtellot, som har gjennomført kåringa for National Geographic.

Honnør til fjordfolket

Monja Muren Mjelva, som driv Union Hotel i Geiranger saman med mannen Sindre, er nesten mållaus av glede når TV2 ringer.

– Dette er heilt fantastisk, seier ho.

JUBLAR: Monja Muren Mjelva og Sindre Mjelva driv Union Hotel Geiranger i lag. (Foto: Morten Holt)

– Vi er så glade at vi nesten ikkje finn ord. Samstundes blir vi audmjuke over å nå til topps i ei kåring der Grand Canyon i USA kjem på 66 plass. Det er også ein honnør til arbeidet som folket langs fjordane gjer for å halde kulturlandskapet i hevd. Utan deira formidable innsats gjennom generasjonar hadde vi aldri nådd til topps.

Håper på fleire turistar

Monja Muren Mjelva trur ikkje at kåringa fører til eit rush av fleire turistar slik med ein gong.

– For Geiranger sin del har vi vore eit kjent og godt etablert reisemål i meir enn hundre år. Då vi kom på Unescos verdsarvliste fekk vi ikkje mange fleire turistar, men vi har håp om å utvide sesongane – at det kjem fleire turistar heile året og ikkje berre om sommaren, sier Mjelva.

– Uansett inspirerer dette oss til å jobbe knallhardt vidare for å halde posisjonen som verdas beste reisemål, jublar hotellsjefen.