Kontrakter blir kansellert i hopetal og Norsk Industri reknar med at skipssutstyrssleverandørane misser kontrakter for 20 milliardar kroner i år.

Brunvoll a/s i Molde er ein av skipsutstyrsleverandørane som har fått finanskrisa midt i kvardagen. Administrerande direktør Terje Dyrseth opplyser til TV2 at kontrakter for 315 millionar kroner er blitt kansellerte sidan oktober i fjor. Brunvoll leverer propellsystem til styring av skip og har kundar i over 20 land.

Aldri opplevd før

- Vi har aldri før opplevd å gå frå ein ordretopp til bråstopp på så kort tid, seier Dyrseth. Brunvoll a/s , som har 250 tilsette, kuttar ned på innleigd arbeidskraft og hentar tilbake oppdrag som før blei sett bort til andre. – Vi har bra med ordrar trass i kanselleringane og kjem ikkje til å permittere fast tilsette, men uroa i finansmarknaden gjer framtida usikker,seier Dyrseth.

Norske skipsutstyrsleverandørar har mellom 7-9 prosent av verdsmarknaden og har ein sterk posisjon internasjonalt. Ordrebøkene har vore overfyllte og er no på 60 milliardar kroner. Næringa er vane med at marknaden svinger, men det som skjer no er dramatisk.

FINANSKRISE: Finanskrisa slår nå for fullt inn i maritim industri. Bransjen regner med at kontrakter for tilsammen 20 milliarder kroner vil bli kansellert i år. Propeller står fast på lageret til Brunvoll AS i Molde. (Foto: Per Christian Dyrø / TV 2)

Kanselleringer for 20 mrd.

- Vi reknar med at 20 til 30 prosent av kontraktene blir kansellerte og då nærmar vi oss fort 20 milliardar kroner. Det er dramatisk, seier Maritim bransjesjef i Norsk Industri, Egil Holland.

Han peikar likevel på at bransjen er omstillingsdyktig og har takla høgkonjukturen med innleigd arbeidskraft.

- Vi har vore igjennom store svingingar i marknaden før og er budd på at det skjer igjen, men dei neste månadane er kritiske for korleis dette går, seier Holland.

FULL STOPP: - Vi har aldri før opplevd å gå frå ein ordretopp til bråstopp på så kort tid, seier Dyrseth. Brunvoll a/s (Foto: Per Christian Dyrø / TV 2)

Rasande på formueskatten

Administrerande direktør Terje Dyrseth er rasande på at krisa i næringa fører til at dei må betale høgare formueskatt. Uselde propellsystem blir ståande på lager og aukar verdien på bedrifta.

– Det fører til auka formueskatt for eigarane. Vi må altså ta pengar ut av bedrifta for at eigarane skal ha råd til å betale formueskatt på varer som ikkje blir seldt på grunn av kansellerte kontrakter. Vi skulle så gjerne brukt pengane på bedrifta i staden for å sende dei til ein steinrik stat. Det er horribelt, avsluttar Dyrseth.